Fotballglede i frostrøyken
Forfatter: Charles Nærland Olsen
09. januar 2024
Fem, seks, sju, åtte ja ni minusgrader stoppa ikkje 17 ivrige jenter frå å spela fotball på Leikvoll sist helg. Akkurat det gjorde at ti trenarar kunne bli endå betre i sine oppgåver.
Trenarkurs er rett og slett inspirerande. Mastra og Finnøy IL har verkeleg funne tonen på å utrusta trenarar, og skapa eit godt fellesskap. Sist helg var ti trenarar samla på Leikvoll fredag og laurdag i det som heiter Grasrottrenar 1-kurs.
Utfordringar, gruppediskusjonar, varierte tema og praksisøkter stod på timeplanen. Kvifor driv me eigentleg på? Korleis ønskjer du å vera som trenar? Korleis skapa eit meistringsmiljø i treningsgruppa? Korleis ser du alle spelarane? Korleis halda aktivitet gjennom økta? Mange spørsmål, og mange gode svar.
Ivrige trenarar – ivrige spelarar
Både fredag kveld og laurdag dag var det ei solid økt ute på ei rimete matte på Leikvoll. Trenarane var delte opp med kvar sine tema, og skulle ha treningsøkter for jenter i alderen 10 til 12 år. Og for nokre økter! For nokre trenarar! Og ikkje minst: For nokre spelarar. Kaldt? Nei då. Her var ungane godt kledde, og sprang seg skikkeleg varme.
Det var ingen tvil om at desse spesialtreningane fall i god jord blant jentene, som viste ein imponerande lærevilje og engasjement. For det er jo litt kult å ha ei trening på 15-20 minutt med to trenarar, og etter tre minutt pause ventar ei ny økt med to nye trenarar. Og så vidare og så vidare. Fire økter fredag, fem økter laurdag.
Kursamhald
Då jentene var raudsprengde i kinna laurdag kl. 13, etter meir enn tre timar fotball på eit halvt døgn, kunne trenarane oppsummera helga.
- Eg har lært mykje som eg vil ta med meg vidare som trenar.
- Eg veit fleire område eg skal vera bevisst på som trenar.
- Eg hadde forventingar til kurset, og forventingane blei innfridd.
- Det er utruleg verdifullt å møta trenarkollegaer på denne måten. Ja, det å diskutera saker, læra av kvarandre og bli kjende.
Og kursdeltakarane var ein herleg miks av heilt ferske trenarar og erfarne ringrevar. Ein skikkeleg motivert og dyktig gjeng. Stor applaus for desse som tok trenarkurs 1 nå i helga:
Frå Mastra IL: Andreas Aaslid, Alexander Teigen og Endre Årthun. Frå Finnøy IL: Håvard Østhus, Trond Arne Borgemyr, Arne Vidar Risa, Maiken Sevheim Østhus, Bjørnar Bleie, Ilona Ewa Blaszke-Lepek og Espen Hebnes.