[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idretter

Dyktige trenarar på kurs

Forfatter: Charles Nærland Olsen

23. januar 2023

Forside
News article image

- Trenarane var utruleg flinke til å forklara øvingane og gjennomføra dei.
Det var den klare tilbakemeldinga frå slitne, glade og ivrige spelarar etter ei helg med
trenarkurs på Finnøy. Lat oss stolt presentera åtte nye kursa fotballtrenarar i Finnøy IL:
Kolbjørn, Jaroslaw (Jarek), Øystein, Ingrid, Morten, Lawrence, Trygve og Cathrine.

Fredag kveld var det lys i klubbhuset på Leikvoll. Medan andre heime seig ned i godstolen og sofaen, var åtte FIL-trenarar og ein FIL-instruktør samla til grasrottrenar 1-kurs i Falkeidsalen. Og etter ein time med teori, var det klart for den første store testen:

Førebuing til praksisøkt.

- Kva om me tar den oppvarmingsøvinga?

- Eg trur me får mykje ballkontakt med å prøva ut …

Fire duoar diskuterte og planla, flomlyset blei sett på, ei snørydda Leikvollmatte innbaud til fest og tolv spente spelarar inntok banen.