[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idretter

Velkomen til Griegs Fotballskule laurdag 10. september

Forfatter: Erik Torger Flesjå-Johansen

29. juli 2022

Forside
News article image

I år er det gratis :-)

Velkomen til Griegs Fotballskule laurdag 10. september

Det er ei stor glede å invitera barn i 1. til 7. klasse (fødd 2016 til og med 2010) til Finnøy

Idrettslag sin fotballskule, i samarbeid med Grieg Seafood.


Laurdag 10. september vil det myldra av fotballglade ungar på Leikvoll stadion frå kl. 10 til 16.

Og me vonar mange vil vera med. Me har plass til maksimalt 120 barn. Fotballskulen er

gratis, noko som bidraget frå Grieg Seafood gjer mogleg.

PS: Det vil også vera eige opplegg for ivrige og motiverte keeperar i 4. til og med 7. klasse.

Desse får spesialprogram av a-lagskeeperane, og er også med i speløvingar og kampar . Eit

skikkeleg bra tilbod! Meld interesse i påmeldingsskjemaet.


Program fotballskulen:

Registrering frå kl. 10 til 10.40. Felles oppvarming og oppfyring kl. 10.45.

Frå kl. 11 er det fotballaktivitetar i ulike grupper.

Spelarane blir fordelte i grupper ut frå alder. Det blir kjekke øvingar, utfordringar, kampar og

straffesparkkonkurransar ut over dagen. Kven scorar på a-lagskeeperane?

Me serverer grilla Grieg-laks til lunsj.

Kiosken vil også halda ope etter kvart.


Då barna er av ulik alder, kan dagen bli lang nok for dei yngste (1-2 klasse). Opplegget for desse er ferdig

kl. 14.30, medan 3. til 7. klasse held på til nærare kl. 16. Dei yngste kan uansett vera på

Leikvoll til alt er slutt.

NB: Hugs drikkeflaske, fotballsko, leggbeskyttarar og fotballtøy. Og evt ekstra skift ut frå

verforholda. Grieg Seafood spanderer også fotball til alle deltakarane. Ballen får spelarane

med seg når dei går.


Påmelding skjer via denne linken. Merk at det er plass til maksimalt 120 barn, og absolutt

siste påmeldingsfrist er torsdag 1. september.

NB: Spelarar treng ikkje vera medlemer i Finnøy IL for å delta på fotballskulen.


Lyst å bidra i høve fotballskulen?

Ja, me har mange dugnadsoppgåver som skal fyllast, med alt frå registrering, parkering,

grilling, rigging, rydding, beredskap, kiosksal mm.

Vil du vera med nokre timar? Send ein e-post til Tor Øyvind Skeiseid på

[email protected] eller fyll ut i påmeldingsskjemaet.


Velkomen! Beste helsing fotballskulekomiteen

v/ Øyvind Bondevik Haga Cathrine Selvaag Lawrence Falkeid

Siv Flesjå Tor Øyvind Skeiseid