[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idretter

Pokaldryss for konkurransegruppa i turn.

Forfatter: Charles Nærland Olsen

19. mars 2023

Forside
News article image

Konkurransegruppa i turn kunne i dag returnera frå konkurranse i Haugesund med ei rekkje pokalar, og ikkje berre til turnerane.
Vår eigen Ingrid Michelle Landa vart årets vinnar av Ingeborg Pokalen!

For ein start på årets konkurransar for konkurransegruppa i turn.

Årets aller fyrste konkurranse vart i dag arrangert i Haraldshallen i Haugesund. Den strålande gjengen i konkurransegruppa til FIL og Mastra-IL gjorde det svært godt, og kunne etter premieutdelinga stolt visa fram ein gullpokal, to sølvpokalar og ein bronsepokal.

Custom image

Etter at alle premiane for konkurransen var utdelt, var det på tide å dela ut den gjeve Ingeborg Pokalen. Ingeborg Pokalen er til minne om gymnast og trenar i Haugesund Turnforening, Ingeborg Falkeid Hansen, som omkom i ei trafikkulykke på vei frå ein turnkonkurranse i 1995.


Kriteriene for å vinna er utstråling, idrettsglede og framgang. Vinnaren av pokalen kan vera både enkeltgymnastar, lag eller trenar, og er nominert av publikum og deltakerar. Og vinnaren dette året vart vår eigen Ingrid Michelle Landa. Sjelden har ein pokal vore så velfortjent!

På vegne av alle som nyter gledene av alt det fantastiske arbeidet du gjer for turnen både i FIL og Mastra-IL, gratulera Ingrid!