Dommargiv i FIL
Forfatter: Bendik Heggelund
21. mars 2022
Dei har raudt og gult kort i brystlomma, men vonar korta blir liggjande der. Likevel skal spelarar, trenarar og tilskodarar merka at Finnøy IL har tydelege, unge dommarar.
- Det var eit veldig kjekt kurs. Me har lært masse.
Beskjeden var klar etter at ni ivrige ungdomar benka seg saman til dommarkurs tidlegare i mars. Seks jenter og tre gutar i alderen 14 til 16 år var klare for å læra meir saman med dommaransvarlege Asjen Mensink og Tor Øyvind Skeiseid, samt klubbdommar Aksel Reilstad. - Snakk om engasjert gjeng. Dei spurte om alt mogleg, med gode spørsmål og refleksjonar. Desse blir ein flott tilvekst til dommarstaben i Finnøy IL, konstaterte dommarsjef i FIL, Asjen Mensink.
Dommarkurs er kult! Rundt bordet ser me (frå venstre) Priska Oeynhausen, Geir Flesjå, Mathilde Flesjå Østhus, Adele Moltu, Aksel Reilstad, (klubbdommar), Emma Leavy, Lilly Hovda, Bård Erik H. Astad (skjult), Benjamin Eggebø og Anne Rørtveit.
Tydeleg med stor T
Då ungdomane blei spurte om kva eigenskap ein god dommar skal ha, var dei klare med ein gong: «Tydeleg». Det skal ikkje vera tvil om kva veg du peikar og kva avgjerd du har tatt. - Bestemt, forstår spelet godt, god til å forklara, var andre eigenskapar som dukka opp, før det blei livleg diskusjon rundt bordet med alt frå handsregel, pressfri sone, kan keeper kasta ballen over midtlinja og drøssevis av andre tema.
- Reglane i fotballen er etter kvart blitt ganske mange og til dels avanserte. Det er ikkje lett å kunna alt. Men, det viktigaste reglementet til dei ulike spelformene, må dommarane kunne. Her er det heldigvis oppdaterte handbøker på fotballforbundet sine sider, forklarer Asjen Mensink.
Klare for å dømma
Finnøy Idrettslag er heldige som har 5-6 faste dommarar av kaliber vaksne menn. Men, det har vore akkurat litt for lite dommarar dei siste åra. Kvart år har klubben hatt obligatorisk dommarkurs for 13-åringane. Men, dei to siste åra har det vist seg vanskeleg å samla folk utan avstandskrav, ja me kjenner til leksa …
- Derfor samla me nå dei ungdomane i klubben som ikkje har hatt obligatorisk kurs og som er motiverte for å dømma. Det viste seg å vera smart. For nå får me supplert med ni svært engasjerte unge dommarar, fortel Asjen, som sjølv dømmer både ein og to og tre kampar i veka. - Eg er klar for å vera dommar, og eg gler meg masse, utbraut Priska Oeynhausen etter dommarkurset. Ho er sjølv spelar på Jenter 14-15 år, og hadde med seg fem av lagveninnene på kurset. Og alle seks er like klare, saman med tre staute karar.
- Me veitt kor korta er. Men, me vonar me ikkje får bruk for dei, seier Geir Flesjå (til venstre) og Benjamin Eggebø
I første omgang er det snakk om at ungdomane får dømma 3-ar, 5-ar og 7-arfotball. Somme vil også etter kvart få prøva seg på 9-arfotball. Og alle dommarane skal bli følgde opp frå klubben si side, slik at dei har ein rettleiar i startfasen.
Ta godt imot ungdomen, som er klare for dommargjerning!
PS: Og om kort tid set vel 30 2009-modellar seg på kursbenken, for årets obligatoriske dommarkurs. Det er grunn til å tru at fleire av desse også vil dømma etter kvart.