Strålande trenardag på Leikvoll
Forfatter: Charles Nærland Olsen
19. februar 2023
- Me er her fordi me skal få endå betre trenarar.
Som sagt, så gjort. Draumedag på Finnøy, då 20 trenarar tok nye, viktige steg.
Det var ei herleg ramme rundt Leikvollmatta. Eit par raude grader, sola som byrja å ta tak, 26 forventingsfulle ungar og 20 spente trenarar. Blåsten frå kvelden før, var løya til lett bris, og Arne Scheie ville garantert sagt at «Det er ein perfekt dag for fotball».
Og spelarane var klar over kvifor dei fekk ekstra trening. For nå skulle trenarane bli trena i å bli endå betre. Fredag 17. og laurdag 18. februar samla 13 trenarar frå Finnøy, seks frå Mastra og ein frå Figgjo seg i den innbydande Falkeid-salen på Leikvoll. Grasrottrenar kurs 2 stod på programmet. Opphavleg plan var teori, gruppeoppgåver, planlegging og praksisøkter både fredag og laurdag. Men, heftige vindkast gjorde at det blei innedag fredag og ein innhaldsrik festdag med praksis ute laurdag. Det blei ein mildt sagt innhaldsrik dag for store og små.
Gjengen er klar og lyttar til Cathrine Selvaag sine forklaringar