Velkomen til Griegs Fotballskule laurdag 9. september på Leikvoll
Forfatter: Erik Torger Flesjå-Johansen
04. juli 2023
Påmelding er åpen
(English version ? see in the bottom)
Me gler oss til å ta imot barn som i august startar i 1. til 7. klasse (fødd 2017 til og med 2011).
For nå er det klart for Finnøy Idrettslag sin årlege fotballskule, i samarbeid med Grieg Seafood. Laurdag 9. september vil det myldra av fotballglade ungar på Leikvoll stadion frå kl.10 til 15.
Me har plass til maksimalt 120 barn, og i fjor var det fullt!. Fotballskulen er gratis, noko som Grieg Seafood gjer mogleg.
PS: Det vil også i år vera eige opplegg for ivrige og motiverte keeperar i 4. til og med 7. klasse. (2011, 2012, 2013 og 2014-modellar) Desse får spesialprogram av A-lagskeeperane, og er også med i speløvingar og kampar . Meld interesse i påmeldingsskjemaet.
Program fotballskulen:
Registrering frå kl. 10 til 10.30. Felles oppvarming og oppfyring kl. 10.45.
Frå kl. 11 er det fotballaktivitetar i ulike grupper.
Spelarane blir fordelte i grupper ut frå alder. Det blir kjekke øvingar, utfordringar, kampar og straffesparkkonkurransar ut over dagen. Kven scorar på A-lagskeeperane?
Me serverer grilla Grieg-laks til lunsj.
Kiosken vil også halda ope etter kvart.
Då barna er av ulik alder, kan dagen bli lang nok for dei yngste. Opplegget for 1. og 2. klasse er ferdig kl. 13.45, 3. og 4. klasse rundar av kl. 14.30 og 5.-7. klasse desse er ferdige kl. 15.00.
Dei yngste kan uansett vera på Leikvoll til alt er slutt.
Dersom vaksne vil følgja barna på fotballskulen, er det heilt ok. Dei yngste treng nok uansett at mor/far er til stades
NB: Hugs drikkeflaske, fotballsko, leggbeskyttarar og fotballtøy. Og evt. ekstra skift ut frå vêrforholda. Grieg Seafood spanderer også fotball til alle deltakarane. Ballen får spelarane med seg når dei går.
Påmelding skjer via denne linken. Merk at det er plass til maksimalt 120 barn, og absolutt siste påmeldingsfrist er fredag 25. august.
NB: Spelarar treng ikkje vera medlemer i Finnøy IL for å delta på fotballskulen.
Lyst å bidra i høve fotballskulen?
Me har eigne lag som er sett opp på dugnad. Så veit me av erfaring at det er vaksne som har lyst å bidra ein time eller to undervegs. Då kan du skriva det i påmeldingsskjemaet.
Velkomen!
Helsing komiteen for Griegs Fotballskule
English Version:
Welcome to Grieg`s Football school the 9 th of September, Saturday at Leikvoll, from 10 a.m. to 3 p.m.
For children born in 2017 and up to 2011. (1 st to 7 th grade from August)
Remember it is possible to sign up for goalkeeping-school, for kids born in 2011-2014).
Registration starts at 10 a.m. The program starts at 10.45. Salmon from Grieg Seafood at Lunch. Open kiosk. The program ends at 3 p.m. Note that the youngest one are finished at 13.45 (1 st and 2 nd grade), 14.30 (3 rd and 4 th )
Remember to bring bottle with water, football shoes, leg skins and training clothes. Bring extra clothes for changing, in case of bad weather.
Sign up on this link before 25 th of August. - Sign up starts at 10.07 12:00