[email protected]


Logo
Bli medlem
Våre idretter

Dyktige trenarar

Forfatter: Charles Nærland Olsen

17. november 2023

Forside
News article image

Lat oss slå det fast med ein gong: Trenarsamarbeidet mellom Mastra og Finnøy er utruleg verdifullt. 10. og 11. november var 12 trenarar frå dei to klubbane samla på Mosterøy til det som heiter Grasrottrenar 3-kurs.

Lat oss slå det fast med ein gong: Trenarsamarbeidet mellom Mastra og Finnøy er utruleg verdifullt. 10. og 11. november var 12 trenarar frå dei to klubbane samla på Mosterøy til det som heiter Grasrottrenar 3-kurs. Fleire av desse møtte kvarande i februar, då dei tok kursdel 2.
- Det er så bra at trenarane frå Mastra og Finnøy kan gjera dette saman. Det skapar betre diskusjonar når me har representantar på tvers av klubbane, seier Jørgen Thune-Holm. Han er sportsleg koordinator i Mastra Idrettslag, og var kurshaldar på kurset.

Kursa er ei blanding av teori, gode diskusjonar og praksisøkt. Laurdag morgon var 20 ivrige Mastra-spelarar med, og fekk oppleva 12 ulike trenarrøyster som skulle setja teori ut i praksis. Lærerikt og innhaldsrikt både for trenarar og spelarar. Med eit så flott ver i tillegg, var det bare godlyd i timane som treningsøkta varte.

Frå Finnøy var desse fem trenarane med: Kjetil Sevheim, Egil Halsne, Lawrence Falkeid, Jaroslaw Klawikowski og Ola Johan Settem. Gratulerer!